Content

Velkommen, Gjest. Vennligst logg inn eller registrer deg.
april 24, 2018, 08:44:51 am

Logg inn med brukernavn, passord og innloggingstid

Permissions

Skrevet av Emne: Referat, ekstratur laurdag 6. august  (Lest 3767 ganger)

Utlogget Tor Erik

  • Medlemmer 2017
  • Full Member
  • *
  • Innlegg: 155
Referat, ekstratur laurdag 6. august
« på: august 06, 2011, 11:05:58 pm »
Etter torsdagens suksess på Løno, var planen å kome seg ut på ny breiflabbjakt med etterfølgande grilling av fangsten. Ni dykkarar sette først kursen vestover, men dei rolege forholda ved Løno skulle vise seg å vere forbi. Derfor gjekk turen rett nord til Sandøy i muntre og friske bølger, heilt utan teikn til sjøsjuke om bord.

I det langt rolegare farvatnet innanfor holmane i Lokosen, nordvest for Sandøy, gjekk to pluss tre dykkarar uti. Resultatet var ein breiflabb på fem kilo, tre raudspetter, krabber og ei grei mengde kamskjell. Dei to siste para fekk boltre seg lenger nord, og kom opp att med fleire kamskjell og ei lita lomre.

Dei kulinariske førebuingane var godt ivaretatt av Caroline, og det blei gjort strandhogg med Trollet i ei nordvendt bukt på Sandøy. Her blei det straks fyrt opp to grillbål, og Per Einar sytte for at fangsten blei omgjort til lekre stykke for grilling, lett marinert i tomatpesto.

Folk spiste seg mette og svært fornøgde på sjømat, fisk og krabbeklør. Elses medbrakte muffins med bringebær sette eit delikat punktum før turen gjekk tilbake til Apalvågen.
« Siste redigering: august 06, 2011, 11:14:32 pm av Tor Erik »
Tor Erik
tlf 41 42 18 24

Utlogget BerntE

  • Medlemmer 2017
  • Full Member
  • *
  • Innlegg: 175
Sv: Referat, ekstratur laurdag 6. august
« Svar #1 på: august 07, 2011, 03:33:08 am »
Har satt sammen en liten video av dykket. Var lite med breiflabb og fangst, men ble en fin liten snutt av det  :)

Bernt Enok
97190609

Utlogget janelling

  • Sr. Member
  • ****
  • Innlegg: 281
  • glad torsk ??
Sv: Referat, ekstratur laurdag 6. august
« Svar #2 på: september 19, 2011, 05:33:03 pm »
 Veldig hyggelig film og referat, som skjerper apetitten til dykking. ;)

 

Annonsører og sponsorer:

Din annonse her?
Norges dykkeforbund:
Klubber vi samarbeider med:

Halden Sportsdykkere

Sande Dykkerklubb
Sotra Sportsdykkerklubb Stem på SSDK
Linker:


Fjell Idrettsråd